Hu hei ! Kor er det vel friskt og lett

Tekst: Kristofer Janson
Mel: Norsk folketone



    em                   H7               
Hu  hei!  Kor er det vel friskt og lett 
       em      H7    em      
oppå fjellet, oppå fjellet!
em                  H7    
Her leikar vinden i kåte sprett
       em     H7    em
oppå fjellet, oppå fjellet!
    G               am
Og foten dansar, og auga ler,
    em                H7 
og hjarta kveikjande hugnad fær
      em      H7   em
oppå fjellet, oppå fjellet.


Kom opp! kom opp frå den tronge dal,
opp på fjellet, opp på fjellet!
Her blæs ein blåster så frisk og sval
oppå fjellet, oppå fjellet.
Og lii skin utav blomar full,
og soli drys alt sit fagre gull
oppå fjellet, oppå fjellet.


I dalen starvar du tung og heit,
kom på fjellet, kom på fjellet!
Kor fint her er, ikkje nokon veit, 
her på fjellet, her på fjellet.  
Ditt auga flyg over nut og tind.  
Det er som flyg det i himlen inn
opp frå fjellet, opp frå fjellet.






Fil: sanger/hu_hei.html