Soknedalssangen

Tekst: Jens Aakerli
Mel: Blant alle lande



Me elskar høgt denne vakre dal
som vart oss etla ved lagnads val.
Vær ætt fekk livsrom
så langt et tidsrom
i Soknedal.

Her bygde fedrar i gamal tid
og rudde heimar i dal og li.
Her fann de hugkveik
og synte dugleik
i dagsens strid.

Det mang ein gong gjekk på livet laust
når krig og uår var det som baust.
Men inkje hunne
med bast få bunde
eit livsmot raust.

Og ættled mange err sovna av
og gras.svord gøymerr så mang ei grav.
I jorda gøymde
og sidan gløymde
i tidarhav.

Men heimar odlast og ikkje kvarv
og nye ætter dei tok i arv,
og fram den førsdest
av trong og nørdest
i ættararv.

No me det er som om arv har hand
og pliktar haldaa den godt i stand.
Gud sign vårt yrke !
Gud gjev oss styrke !
Sign bygd og land !